Stad Vekst skal fremje næringsinteresser i Stad kommune. Selskapet er eigd av næringslivet og skal drive næringspolitisk verksemd og påverknad, samt organisere og gjennomføre prosjekt som fremmar næringslivet sine interesser
Næringslivet er sjølve livsåra og grunnlaget for etablering her på Vestlandet. Vi har ei lang og rik historie der vi har nytta ressursane naturen har gitt oss, som igjen har gjort at vi har blitt fleire og har fått moglegheit til å finne nye grunnlag for livsnæring og eit godt liv.
Vi i Stad Vekst er i sær stolte av omfanget til næringslivet her; spekteret strekk seg frå jordbruk og dyrehald til industri og tenesteyting. Ressursane våre har blitt desto rikare då dei ikkje lengre berre er definert med det vi kan hente ut, men alle dei menneskja som er her og arbeider. Det er hardføre og innovative menneskje som utgjer verksemdene Stad Vekst arbeider for og vi vil fortsette å jobbe for at næringslivet i Stad kommune skal vekse og få tilgang på dei ressursane, nettverka og kompetansen dei treng for å bidra til verdiskaping.