Invitasjon til geografisk møte – Bli med på å forme reiselivet i Nordfjord for framtida
Tysdag 17.September | Kommunestyresalen, Nordfjordeid
Visit Nordfjord inviterar til møte i kommunestyresalen 17.September!
Kjære aktørar,
For å sikre Nordfjord sin konkurransekraft på sikt er det avgjerande at vi har ei bevisst tilnærming til planlegging, utvikling og styring som tener både lokalbefolkninga og våre besøkande. Vi inviterer deg difor til å delta på geografiske møter, der vi skal identifisere tiltak og prosjekt som støttar opp under tre utvalde strategiske innsatsområder i Masterplanen:
Heile Nordfjord heile året – Korleis kan vi skape heilårsturisme og sesongforlenging?
Bygge Team Nordfjord – Korleis kan vi styrke samarbeid og ein felles identitet i regionen?
Koordinert cruiseinnsats – Korleis kan vi maksimere verdiskapinga frå cruiseturismen?
Møtene vil resultere i ein handlingsplan som skal sikre ei positiv oppleving både for besøkande og lokalsamfunnet, samt styrke regionen si framtid og konkurranseevne. Di stemme er avgjerande i dette arbeidet, og vi oppfordrar deg til å setje av tid til å delta.
For å forberede deg til workshopen, har vi laga nokre refleksjonsspørsmål som kan hjelpe deg å tenkje gjennom moglegheiter og utfordringar innanfor kvart innsatsområde:
Heile Nordfjord heile året
Korleis kan vi skape heilårsturisme i Nordfjord?
Kva for attraksjonar kan vidareutviklast?
Kva treng vi av utvikling for vinter, haust og vår?
Korleis kan vi framheve Nordfjord som ein heilårsdestinasjon?
Kva for målgrupper bør vi rette oss mot?
Bygge Team Nordfjord
Korleis kan vi utvikle og kommunisere vår felles identitet for Nordfjord?
Kva innebærer det å vere ein del av «Team Nordfjord – Alt i ein fjord»?
Kva for tiltak kan styrke fellesskapet i regionen?
Korleis kan vi samarbeide betre på tvers av sektorar?
Koordinert cruiseinnsats
Korleis kan vi optimalisere eksisterande tenester for cruisepassasjerar?
Kva for nye tilbod kan vi utvikle for å tiltrekke fleire cruisepassasjerar?
Korleis kan vi differensiere oss frå andre cruise-destinasjonar?
Korleis kan vi forbedre logistikk og transport for cruisepassasjerar?
Vi ser fram til ditt engasjement og dine innspel, og håper du har høve til å delta i dette viktige arbeidet.