Kraftseminar Nordfjord
Torsdag 19.September | Trivselshagen, Sandane
Torsdag 19. september kl 13:40-16:00 arrangerer nærings- og vekstselskapa i Nordfjord Kraftseminar Nordfjord i Trivselshagen på Sandane. Seminaret er eit samarbeid med Sogn og Fjordane Energi, og blir arrangert rett i etterkant av Kraft i Vest-konferansen.
På seminaret set vi søkelyset på kraftsituasjonen i Nordfjord. Vi ser mellom anna på kvar det er behov for meir kraft, kva moglegheiter som finst, og kva planar det er for utbygging av både linje- og produksjonskapasitet. De møter NHO, Region Fjordane, SFE, Linja med fleire. Vi vil og setje av tid til dialog og diskusjon. Sjå program for seminaret lenger nede i e-posten.
Seminaret er gratis for både dei som deltek på Kraft i Vest-konferansen og dei som berre deltek på Nordfjord-seminaret men alle som skal delta på eitt eller begge må melde seg på. Påmelding til Nordfjordseminaret og eventuelt Kraft i Vest gjer du her: Kraft i Vest. Her kan du også bestille lunsj i tilknyting til arrangementet.
Vi oppfordrar for øvrig alle som deltek på Kraftseminar Nordfjord om å også melde seg på Kraft i Vest-konferansen, som blir arrangert 18.-19. september. I år er det tema som det urolege verdsbiletet, grøn utvikling på Vestlandet og kva rolle teknologi og kunstig intelligens kan spele. Du møter blant andre Erna Solberg, Terje Aasland, Kristin Halvorsen, Anniken Hauglie og teknologiekspert Hans Petter Nygård Hansen. I tillegg blir det engasjerande scenedebattar, mellom anna med stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane.
13:40 – 16:00 Nordfjordseminar: Kraftbehov, utfordringar og moglegheiter i Nordfjord
13:40 Opning v/Synnøve Aabrekk, dagleg leiar Stad Vekst
- «Er Nordfjord klar for Kraftløft 2.0 ?» Helene Frihammer, regionsdirektør NHO Vestland
- «Kva er kraftsituasjonen i Nordfjord» Ørjan Stubhaug, prosjektleiar Region Fjordane
- «Kva betydning får kraftmangel for kommunane? «Svein Otto Melheim, dagleg leiar Stad Energi og Eigedomsutvikling
- Pause
- «Kva moglegheiter finst i regionen», Knut Arild Flatjord, konsernsjef Sogn og Fjordane Energi
- «Moglegheiter og utfordringar i straumnettet» Atle Isaksen, viseadministrerande direktør Linja
- Paneldebatt
- Oppsummering v/Synnøve Aabrekk, dagleg leiar Stad Vekst
16:00 Avslutning
Seminaret er eit samarbeid med næringsorganisasjonar og kommunar og i Nordfjord.
Les meir om Kraft i Vest-konferansen her
Meld deg på Kraftseminar Nordfjord og/eller Kraft i Vest-konferansen her