TAME
Eit Tverrfagleg Aktivitetshus Med Entrepenørskap – og læring for alle
Linn-Kristin
Stad Vekst er involvert i eit spennande og tverrfagleg prosjekt! Initiativet har kome frå Stad kommune og Marion Tufteland som har bore på ein idé for å betre arbeidet med inkludering og utanforskap.
Gjennom arbeidet og vidareutdanninga si har ho sett behovet for ei meir fleksibel løysing for å hindre fråfall og utanforskap i perioda før ein blir fanga opp. Tanken er at strategisk arbeid med den gruppa som står i fare for å hamne i utanforskap kan spare både den einskilde og samfunnet. Løysinga er TAME.
TAME er eit tverrfagleg aktivitetshus med entrepenørskap og læring for alle.
Det tverrfaglege aktivitetshuset TAME skal inkludere, aktivisere og gje rom for vekst og utvikling for alle. Eit raust og støttande miljø skal vere grunnlaget for ein positiv kultur der dei som ønskjer, kan verte oppmuntra og stimulert til å delta i praktisk arbeid og sosial utvikling i eit kreativt og innovativt miljø. Brukarane skal kunne medverke og få ansvar i si eiga utvikling».
«TAME skal gjennom entreprenørskap og læring for alle utvikle og produsere eigne produkt til turistmarknaden, privatkundar, lokale verksemder, samt vere vertskap for gründerar, kunstnarar og handtverkarar som naturleg høver inn i konseptet»
Det skal romme alle og vere ein stad ein trekkast mot og har lyst å bruke tid. Huset skal vere verkstad og produksjonsfabrikk for gründerar der ein får ei symbiose mellom behovet for arbeidskraft og fleksible løysingar for dei som treng tilrettelegging med arbeidstid. Ein skal skape noko, det skal kome produkter ut av aktiviteten som nyttast til kommersiell handel og huset skal etterkvart verte sjølvgåande utan ekstern finansiering.
Utanforskap og det å stå fast utan å kvalifisere seg til å få hjelp kan stjele mykje frå ein person; motivasjon, glede, sjølvtillit og tid. Vi trur at vi gjennom prosjektet kan minimere utanforskap i Nordfjord og at prosjektet kan vere føregåande for korleis ein også andre stadar kan ta grep.