Linn-Kristin
November i fjor starta vi med Stad Vekst u40. Prosjektet har vore levande i ei anna grad enn det vi arbeider med til vanleg då vi har arbeidd med å gjere tiltaka vore kontinuerleg i samsvar med tankane og ideane til over 116 medlem i ei langstrakt kommune.
Det har vore interesse frå aktørar utanfor eller på sida av nettverket om å nå ut til denne gruppa anten som kundesegment eller for kommuna sin del; ei gruppe menneskje det kan vere vanskeleg å heilt få grepet om og nå ut til til vanleg. Denne våren har vi arbeidd med Léo Carpentier frå Norplan og Hanna Tryggestad frå Lark som begge er medlem i nettverket med mål om å lage ein kommunal møtestad i Nordfjordeid sentrum. Vi har hatt møte og kopla på kommuna med Mirjam Kreisel (også i u40) og gjennomført ein planverkstad med mål om å kunne ferdigstille eit torg til neste vår.
Etter påska sette vi saman ei arbeidsgruppe etter fleire møter med enkeltaktørar.
Etter fleire møter med enkeltaktørar, vart det etter påske sett saman ei arbeidsgruppe for å arbeide målretta med behova og ønska i nettverket.
Basert på innspel frå næringsaktørar og organisasjonar i Nordfjordeid sentrum, samt idear som har kome i workshopane Stad Vekst u40 har hatt har vi sett saman eit årshjul der fleire kan legge til arrangement. Stad Vekst u40 vil utarbeide ein modell for liknande typar samarbeid i dei andre sentra i kommunen vår.
Spørsmålet vi har stilt oss har vore korleis vi kan få innmeldingane meir saumlause og sjølve infrastrukturen med informasjon om arrangement og der ein også kan få varslingar ved spesielle hendingar. Svaret vart å utvikle ein eigen app for u40 nettverket. Tanken er å kunne laste ned ein webapp på telefonen, melde seg inn med e-post der ein mottek nyhendebrev og får varslingar om hendingar og spesielle tilbod aktørane i arbeidsgruppa har. Denne applikasjonen er no under utvikling med Geir Skårhaug i spissen og Veir AS.