Nordfjordtreffet
Påska 2024 tok vi turen til Nordfjordtreffet i regi av Inviro! Denne gongen gjekk turen til Gloppen og Firdahallen med eit smekkfullt program med blant anna ein workshop rundt kunstig intelligens med Thordur Arnason og Lena Thorsmælum frå Gervi Labs.
Inviro har tatt tak i Påsketreffa som i tida før pandemien vart arrangert i Stad kommune, vidareutvikla tanken bak rekrutteringstreffet og inkludert heile Nordfjord. Slike arrangement er viktige for fjorden vår, for næringslivet og for å riste oss enno meir saman.
Dagen var todelt med Nettverk Nordfjord i første halvdel og Nordfjordtreffet med den tradisjonelle rekrutteringsmessa på kvelden.
Inviro, Tonje Bjerkan frå Nordfjordkompaniet, Jenny Staalnacke frå Stryn Næringshage og Elisabeth Hatlenes frå Samarbeid i Nordfjord har saman med Gloppen Næringsorganisasjon og fleire samarbeidspartnarar i år igjen overgått seg sjølv og skapt den kjensla av fellesskap vi er avhengige av å dyrke på tvers av grenser.
Frå Stad Vekst si side er det spennande og inspirerande å sjå alt som rører seg i regionen vår og verkeleg få sjå moglegheitene vi har for rekruttering med så mange standar frå næringslivet under eitt tak. Det var ei glede å få vere med og vi gler oss til neste år då reisa går til Måløy!