RealfagSTAD
Linn-Kristin
Kvar var du då det braka laus i Operasalen sist torsdag? For dei som var så uheldige at dei både gjekk glepp av å møte opp samt av streamen som var ordna kjem her ei kort oppdatering. (For dei som kjenner at dei helst skulle vore der i eigen person er videoen under ein liten trøstepremie.)
Satsinga har vore hjartebornet til initiativtakar Ole-Mathias Nes i lengre tid og vi i Stad Vekst fekk gleda av å høyre ideane hans for om lag eitt år sidan. Dei siste vekene har det vore full rulle for å få kick-off klart til 30-års jubileet til Sophus Lie Conference senter. På torsdag fekk vi dermed både feira ein langvarig realfagstradisjon på Nordfjordeid og også krysse startstreken for noko som vil vere ei viktig satsing på realfaga i framtida.
Målet med prosjektet er å gjere realfaga til ein naturleg del av kvardagen for alle oss som bur og veks opp i Stad kommune. Gjennom ei brei opprusting frå barnehage, gjennom barneskule, ungdomsskule og vidaregåande vil RealfagSTAD senke terskelen for å velje realfag og realfagsutdanningar.
På scena denne dagen var også professorane Kristian Ranestad, Hans Munthe Kaas og Cordian Riener frå Sophus Lie konferansen som årleg blir haldt ved Fjordane Folkehøgskule. Dei kunne endeleg forklare til oss lekmenn kva formelen som prydar veggen oppe ved Eid vidaregåande betyr i praksis.
Prosjektgruppa fekk saman med Sparebanken Vest overrekke ei gåve til Sophus Lie Conference Center og gratulere dei med vel gjennomførte 30 år.
Det blir spennande å sjå i tida som kjem alt som kjem ut av dette prosjektet. I haust har realfagSTAD blitt invitert til Oslo av Norsk Matematikkråd for å presentere prosjektet og viktigheita av realfag til politiske interesser.