Morgonkaffe 28.Februar
Årets første Morgonkaffe – 28.februar! Det var fleire som fann vegen til Kommunestyresalen og mange som følgde møtet på teams. Dagleg leiar Synnøve Aabrekk starta dagen med ei kort oppdatering om sakene vi arbeider med i Stad Vekst før ho gav ordet vidare til ordførar Sigurd Reksnes.
Under ‘Ordføraren sitt kvarter’ nytta han høvet til å gje oss siste nytt angåande fordelinga av steinmassene som vil kome frå Stad skipstunnel. Mange næringsareal i kommuna hamna høgt på Kystverket si prioriteringsliste og vil opne for spanande moglegheiter for næringa her!
Han oppdaterte oss om vegprosjekta han sjølv og kommuna engasjerte seg i, både kommunalt og regionalt. Til slutt var han inne på debatten rundt dei nye flyavgongane for morgonflyet på Anda flyplass – men forsikra om at han reknar med at dei kjem fram til ei løysing som vil gagne folk på begge sider av fjorden.
Det var Sparebanken Sogn og Fjordane, Arne Sæterbakken, Leiar Finans og Roy Stian Farsund, Direktør Bedriftsmarknad som stod for hovudbolken av møtet.
Dei fortalte om arbeidet som har vore gjort for å få bukt med inflasjonen som har prega verdsøkonomien dei siste åra, samt kva ein kan forvente i tida som kjem. Dei gav uttrykk for at rentetoppen antageleg var nådd og at vi no sakte, men sikkert kan arbeide mot meir normale tilstandar.
Sparebanken Sogn og Fjordane har gått inn i Sparebank alliansen. Hovudkontoret i Førde sørger for lokal beslutningsmynde og betre forankring i distriktet sine interesser. Dei var interesserte i å vere med i fleire prosjekt og minte om søknadsfristen for prosjektstøtte som kom no i mars.
Til slutt var det Sigrid Eikeland ved Invest in Fjordane som hadde ordet. Invest in Fjordane er eit prosjekt ved Sunnfjord Utvikling i samarbeid med Høyanger Utvikling, Innovasjon Norge og Grøn Region Vestland. Dei arbeider no med ei kartlegging av næringsareal i dei forskjellige kommunene med eit mål om ei felles oversikt med storleik, energikapasitet og bruksmoglegheiter og vil på sikt også arbeide med akvisisjon av næringar.
Tusen takk til alle oppmøtte og for god diskusjon og innspel frå salen!