Nytt styre og nye ambisjonar i Stad Vekst
Stad Vekst har fått nytt styre, og stiller med nye ambisjonar for det nye året.
Stad Vekst med dagleg leiar Synnøve Aabrekk og styreleiar Ove Kjøllesdal har vore i Fjordabladet! Lenkje til saka ligg nedst på sida, men her kjem ei kort samanfatning:
Nytt styre
Ove Kjøllesdal held fram som styreleiar og får med seg Tone Beate Drage som nestleiar, ellers er styremedlemma Gro Henden Gjerdevik, Stian Skårhaug, Sverre Solibakke, Liv Koller-Borg og Geir Årvik, med Sigve Ronny Røkås som varamedlem.
Året som var og åra som kjem
– Stad Vekst har hatt eit godt år i 2023, og vi har fleire prosjekt på trappene for 2024 som næringslivet i Stad kommune vil ha glede og nytte av. Samtidig fekk vi i fjor støtte frå dei fleste av våre aksjonærar som har betalt inn medlemskontingent i form av eit marknadsbidrag. Dette gir oss musklar som er heilt nødvendig for å vere den katalysatoren vi skal for næringslivet i Stad. I framtida må vi ha fleire tilsette dersom vi skal greie å realisere dei ambisjonane vi har for vekst og utvikling i kommunen
Gevinst
Medlem i Stad Vekst skal ha gevinst av å vere medlem; i form av rimelegare inngangsbillett til ulike arrangement/kurs, og kunne delta i ulike nettverk- frukost og temamøter. Ein skal også kunne bruke Stad Vekst som sparringspartnar og døropnar i ulike samanhengar, eller som ein ekstra ressurs i ulike arbeidsoppgåver. Det gjeld alt frå prosjektleiing til rekruttering.
– Medlemer i Stad Vekst skal også ha påverknad på Stad Vekst sine strategiar og prioritering av arbeidsoppgåver, seier ho.
Næringsutvikling
Vår klare målsetting for dette året er å tilsetje ein ekstra ressurs som skal arbeide særskilt for næringsutvikling og marknadsføring, samt invitasjon til å etablere verksemd i vår kommune. Dette fordrar at vi dreg fram og marknadsfører eksisterande kompetansemiljø, bransjegrupperingar og infrastruktur i heile vår langstrekte kommune, kommenterer Aabrekk.
I tillegg skal Stad Vekst arbeide for at Nordfjordeid posisjonerer seg som handelssentrum for Nordfjord.
Brenn for utvikling
Stad kommune, inkludert kysten frå Måløy til og med Vanylven kommune, har store potensial for utvikling og vekst innanfor besøksindustrien. Ei berekraftig utvikling av våre største konkurransefortrinn er noko vi brenn for i Stad Vekst. Dette gjeld alt frå å utvikle heilskaplege destinasjonskonsept, til produktutvikling, pakkektering og marknadsføring av kultur og naturopplevingar i kommunen. Reiselivsnæringa er i vekst, og vi i Stad kommune skal ta vår del av veksten. Merksemda om kysten og Stad kommune kjem til å eksplodere i same augneblikk som endeleg oppstartsdato for Stad skipstunnel er fastsett, meiner Aabrekk.
Store ambisjonar
– Vekstselskapet er ein særdeles viktig ressurs for å sikre vekst, utvikling, bulyst, rekruttering og næringsetablering i alle deler av kommunen. Vi er heilt avhengig av å rekruttere fleire bedrifter inn som medlemer i Stad Vekst; ikkje berre for å styrke selskapet økonomisk, men også for auke kompetansen i organisasjonen, utvide nettverket og auke påverknadskrafta overfor andre aktørar
Sats i Stad
Sats i Stad er deira verktøy for å skape merksemd og kunnskap om gründerverksemd og nyetableringar.
– Stad Vekst blir kontaktpunkt for denne satsinga og vi håpar personar med idear tek kontakt og sparrar seg med oss. Vi har tausheitsplikt, og vil gjere det vi kan for å hjelpe gründerane eit steg vidare. Ingen ide er for liten eller for stor, presiserer ho.
Handlingsplan
– Alt dette har vi no samla i ein strategisk handlingsplan for 2024–2026 med klare måleparameter på om vi er i rute eller ikkje, seier dagleg leiar.
– Vi håpar derfor at næringslivet i Stad kommune bruker vekstselskapet, blir medlem og engasjerer seg i nettverk og møter som blir arrangert. Dess fleire som er engasjert dess meir merksam får næringslivet og kommunen. I kampen om dei beste hovuda i framtida må vi vise til eit næringsliv med gode verdiar, fokus på omstilling og berekraft, og vilje til innovasjon og nytenking, påpeikar Aabrekk.