Hæ? Ny kick-off?
Foto: Siri Kolseth , Fjordenes tidende
Under kick-off i ytre kom det i hovudsak fram at det var nokre forskjellar i behova til dei som bur her i forhald til dei som møtte opp ved kick-off på Nordfjordeid. I hovudsak er utfordringane her ute manglande tilbod og samlingsplassar. Dei som er her ute og dei som møtte opp i kveld har sterk driv som vi i Stad Vekst har lyst og vere med å støtte under. Vi skal jobbe med å samanfatte prosjekt som er viktige her og skaffe midlar for den verdiskapinga dei som har etablert seg her ute allereie driv med.
Det mest interessante er kanskje å sjå alle desse som har flytta til Stad kommune, eller gamle Selje kommune med målretta ambisjonar om å vere med å forme denne staden, skape moglegheiter og karre seg fram. På mange måtar er der ein djup parallell mellom måten desse kjempar for eit liv på denne vêrharde halvøya med kjærleiken og nærleiken til naturen og identiteten til oss vestlendingar og oss i Nordfjord.
Eg trur vi som bur i kommuna under eitt må ta større eigarskap til denne identiteten og vere med å støtte kvarandre i større grad. Dei som kjem herifrå og dei som har flytta hit har allereie vist evnene sine og spikka seg til eit liv og skapa tilbod, no skal vi ta stafettpinnen viare, og syte for at dei innspela dei kjem med for at næringa og tilveksten her ute skal fortsette, blir realiserte.
Vi har allereie nokre av problemstillingane som vart tekne opp i kikkerten, vi skal blant anna arbeide viare med å betre kommunikasjonen for reiselivsaktørar slik at den auka turismen kan gje verdiskaping. Vi skal også setje i gong temamøter for kursing, som også vart foreslått under kick-off på Nordfjordeid; med tema om gründerverksemd der vi gjennom Sats i Stad også kan bistå med naudsyne verkty for dei som treng det. Gjennom u40 skal vi fortsette dialogen båe i indre og ytre og sett oss mål om å samanfatte nettverket uavhengig av næraste bygdesenter. Vi ynskjer at vi skal bli så godt kjende med kvarandre at det er like naturleg for kven som helst å dukke opp på arrangement vi legg opp til på eine eller andre plassen i kommuna.
Klikk på logoane under for å lese meir om Saltnwax ????