Nye andlet
Ting er i endring i Stad Vekst. Heilt på tampen av året i fjor vart Synnøve Aabrekk tilsett som dagleg leiar, i februar vart Ove Kjøllesdal styreleiar og like før sommaren fekk vi ei ny tilsetjing i Stad Vekst.
Linn-Kristin er student ved Høgskulen i Volda og skal arbeide deltid med oss medan ho fullfører bachelor i Planlegging og Administrasjon. Ho har eit breidt kompetansespekter båe innanfor den faglege utdanninga og personlege eigenskapar. Med fleire til å drage lasset ventar vi oss eit høgre aktivitetsnivå frå Stad Vekst si side og vi tek sikte på å vere meir synlege.
Vi kjenner at vi no har komt på plass med eit godt team som skal arbeide saman og syte for næringslivet sine interesser i Stad kommune.