Synnøve Aabrekk
Hei og velkomen til Stad Vekst si heimeside! Du kan finne ei kort oversikt her på framsida, eller klikke deg inn på hovudmenyen øvst om det er noko du vil lese meir om. Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko du lurer på!
Om oss
Synnøve Elisabeth Aabrekk
Dagleg leiar
Synnøve Aabrekk har lang erfaring innan prosjektleiing, destinasjonsutvikling, strategi, marknadsføring og næringspolitikk. Ho har eit breitt kontaktnettverk gjennom mange år som leiar i ulike organisasjonar og har i tillegg gründererfaring og har sjølv vore med å starte opp fleire selskap.
Synnøve Aabrekk har ein bachelor i internasjonal økonomi og marknadsføring, Master i Design thinking og PR Ledelse og strategisk kommunikasjon.
Ho brenn for å skape engasjement, møteplassar og vekst for næringslivet i Stad.
Ove Kjøllesdal
Styreleiar
Ove Kjøllesdal er ein lokal pådrivar for næringslivet. Han har vore dagleg leiar i Eid Elektro i 35 år, er i dag administrasjonsleiar og styreleiar. Selskapet vart stifta 1980, han byrja 1985 og med stor innsats har selskapet vekst seg stort og er svært betydningsfullt for lokalsamfunnet, båe i denne kommuna og i regionen. Ove er i tillegg engasjert i fleire lokale selskap og ein ressurs for samfunnet elles. Ove er styreleiar i Stad Vekst, skaper engasjement og kjempar for næringslivet i kommuna
Linn-Kristin Nygård
Rådgjevar
Linn-Kristin Nygård er tilflyttande til Nordfjordeid. No er ho i gang med siste året på Høgskulen i Volda der ho går bachelorstudiet Planlegging og Administrasjon. Ho har sterk gjennomføringsemne og er klar for å ta tak i utfordringar for næringslivet i kommuna.
Styret
Tone Beate Hoddevik Drage
Nestleiar
Sverre Solibakke
Styremedlem
Sigve Ronny Røkås
Varamedlem
Gro Janne Henden Gjerdevik
Styremedlem
Stian Skårhaug
Styremedlem
Liv Ingrid Koller-Borg
Styremedlem
Geir Årvik
Styremedlem
Besøksadresse
Skreddarhuset
Øyane 11
6770 Nordfjordeid